Gå til Hovedinnhold Gå til Navigasjon

Seminar: Praktiske konsekvensar av komande endringar i plan- og bygningslova og eigarseksjonslova | Ulsteinvik

Kluge i samarbeid med Sporstøl Arkitekter inviterer til eit fagleg seminar i Ulsteinvik den 26. april 2017.

Ill_bygning
Legg i min kalender

Informasjon om kurset

Tid 26. april 2017 09:00 - 12:00 Registrering frå 08:30 og lunch frå kl. 12:00
Sted Quality Hotel Ulstein, Sjøgata 10, Ulsteinvik
Pris Ingen deltakaravgift
Påmeldingsfristen er utgått

Det skjer ting på lovgjevarsida som er viktig å kjenne til både for private aktørar i eigedomsbransjen og dei offentlege instansane som forvaltar regelverka: Det er alt vedtatt endringar i plan- og bygningslova, og det er fremja forslag om ny eigarseksjonslov. Sistnemnde skal handsamast av Stortinget i mai. Vi vil gå gjennom dei viktigaste av dei føreslåtte og vedtekne endringane med hovudfokus på kva praktiske konsekvensar endringane vil få. I tillegg vil vi snakke om korleis ein kan rigge næringsseksjonar under bygging for sal.

Hovudtema

Vedtekne endringar i plan- og bygningslova

  • Styrking av oppstartsmøtet sin funksjon
  • Referat frå oppstartsmøtet
  • Etablering av sentral, frivillig godkjenningsordning for føretak som utarbeider private planforslag
  • Forenklingar i reglane om endring og oppheving av reguleringsplanar

Forslag til ny eigarseksjonslov

  • Grensesnittet til plan- og bygningslova
  • Parkering
  • Seksjoneringstidspunkt
  • Sakshandsamingsfrist og gebyr

Rigging av næringsseksjonar for sal

 

Vi legg også opp til diskusjonar og innspel frå salen, og håpar vi på denne måten vert kjende med dykk samstundes som de vert kjende med oss.

Det vert servert felles lunch i forlenginga av seminaret som vi håpar de vil vere med på. Gratis deltaking.

Advokat Anders Elling Petersen Johansen er opphavleg frå Larsnes, og vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 2009. Han har sidan då arbeidd ved Bergenskontoret til Kluge. Han arbeider hovudsakleg med problemstillingar innan utvikling, drift og omsetjing av fast eigedom, og med nærliggjande fagområde som forvaltningsrett og selskapsrett.

Advokat Helge Haugland er opphavleg frå Molde, og vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 2010. Han har sidan då arbeidd ved Bergenskontoret til Kluge, med permisjon i ein periode da han arbeidde for FN. Han arbeider hovudsakelig med tvisteløysing og entrepriserett, og nærliggjande fagområde som plan- og bygningsrett.

 Sporstølen_Kluge