Gå til Hovedinnhold Gå til Navigasjon

Fagseminar | Ulsteinvik

Etter gode erfaringar med seminaret vi heldt i vår, inviterer vi no til eit nytt fagseminar i Ulsteinvik. Temaa er aktuelle for aktørar i eigedomsbransjen, men vil også vere relevante for ei rekkje andre bransjar, verksemder og offentlege organ.

Ill
Legg i min kalender

Informasjon om kurset

Tid 22. november 2017 09:00 - 12:00
Sted Quality Hotel Ulstein, Sjøgata 10, Ulsteinvik
Pris Kr. 200,- pr. deltakar
Påmeldingsfristen er utgått

PROGRAM

  • Utfordringar og moglegheiter med å eige noko saman med andre (sameige)

Sameigemodellen har sine utfordringar, men gir også mange moglegheiter. I dette føredraget vil senioradvokat Anders Elling Petersen Johansen gå gjennom ein del overordna grunnleggjande prinsipp for sameigeforma generelt, men med døme frå praksis rundt fast eigedom. Føredraget vil også gjere nokre djupare dykk i tema rundt oppretting av realsameige og organisering av parkeringsanlegg.

  • Kortvarig kjennskap eller langvarig relasjon? Utfordringar ved bruk av innleigd arbeidskraft og mellombels tilsette

Fast tilsette vs. mellombels tilsette eller innleigd arbeidskraft er eit aktuelt tema for mange bransjar som vert påverka av svingingar i marknaden og trong for arbeidskraft. Senioradvokat Sunniva Nising Sandvold vil gå gjennom vilkåra som vert stilt, fordelar, ulemper og andre omstende ein arbeidsgjevar må vere merksam på i samband med dette.

  • Ny personvernlovgjeving – kva inneber dei nye reglane for di verksemd?

Dei nye personvernreglane (GDPR) er høgaktuelle og trer i kraft i Norge i mai 2018. Regelverket vil påverke alle verksemder, og dei aller fleste vil måtte gjere endringar for å tilpasse seg det nye regelverket. Kva personopplysningar vert registrert i di verksemd og korleis vert opplysningane brukte? Kva vil regelendringane innebere for di verksemd og kva tiltak bør setjast i verk? Kva utfordringar og kva moglegheiter gir dei nye reglane? Senioradvokat Sunniva Nising Sandvold gir ei kort innføring i dei nye reglane, med fokus på kva verksemdene praktisk må gjere for å etterleve krava som kjem.

Etter at dei faglege innlegga er avslutta ca. kl. 12:00 er føredragshaldarane tilgjengelege for ein-til-ein samtalar med deltakarar dersom det er ynskje om det. Samtalane vil vare inntil 15 minutt kvar. Det er avgrensa med plassar, så vi praktiserer «fyrst til mølla prinsippet» og ber dei som ynskjer ein slik samtale om å melde interesse ved å krysse av for dette ved påmelding. Vi tek kontakt med dei som er interesserte i forkant av arrangementet.

Undervegs i fagseminaret vert det lett servering.

Senioradvokat Anders Elling Petersen Johansen er opphavleg frå Larsnes, og vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 2009. Han har sidan då arbeidd ved Bergenskontoret til Kluge. Han arbeider hovudsakleg med problemstillingar innan utvikling, drift og omsetjing av fast eigedom, og med nærliggjande fagområde som forvaltningsrett og selskapsrett.

Senioradvokat Sunniva Nising Sandvold vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen i 2007, og har vert tilsett i Kluge sidan 2010. Ho arbeider hovudsakleg med problemstillingar innan arbeidsrett og personvern, og har den siste tida arbeida mykje med den nye personvernlovgjevinga.