Gå til Hovedinnhold Gå til Navigasjon

Endringar i plan- og bygningslova

Stortinget har vedtatt endringar i plan- og bygningslova sin plandel som tredde i kraft 1. januar 2015. Endringane inneber mellom anna at femårsregelen for detaljreguleringar etter private planforslag er oppheva og erstatta av ein utvida regel, og at det er innført fristar for sakshandsaminga i tilknyting til plansaker.
Eiendom og entreprise Entrepriserett Fast eiendom

Lovendringa sitt føremål er å gi positive økonomiske konsekvensar for utbyggjarar og føre til meir effektiv og fleksibel handsaming av forslag til reguleringsplanar i kommunane. Det står likevel att å sjå om verkemidla som er nytta ved lovendringa er sterke nok til å oppnå målsetjinga.