Gå til Hovedinnhold Gå til Navigasjon
lamper

Krav om vedtektsfesting om tilrettelagde parkeringsplassar i egarseksjonssameige

I den nye eigarseksjonslova er det innført ein regel om at parkeringsplassar som i vedtak etter plan- og bygningslova er kravd opparbeidd til bruk av personar med nedsett funksjonsevne vert gjort tilgjengeleg for desse, og at dette må sikrast i sameiget sine vedtekter.
Eiendom og entreprise Fast eiendom

Regelen gjeld både ved ny seksjonering og for eksisterande eigarseksjonssameige – som då må endre sine vedtekter. Fristen for eksisterande eigarseksjonssameige til å innrette vedtektene sine etter ny lov er 1. januar 2019.

Vi går nærare inn på denne regelen i ein artikkel publisert i Estate Vest den 25. september 2018.