Gå til Hovedinnhold Gå til Navigasjon

Anders Elling Petersen Johansen

Senioradvokat Bergen

+47 977 64 606 Last ned CV / Last ned vcard

Rådgjeving og tvisteløysing innan fast eigedom, kontraktrett, pengekrav og selskapsrett

Aktuelle nyheter relatert til Anders Elling Petersen Johansen:

Endringar i plan- og bygningslova

Stortinget har vedtatt endringar i plan- og bygningslova sin plandel som tredde i kraft 1. januar 2015. Endringane inneber mellom anna at femårsregelen for detaljreguleringar etter private planforslag er oppheva og erstatta av ein utvida regel, og at det er innført fristar for sakshandsaminga i tilknyting til plansaker.

Bransjer

Fagområder

Anders har erfaring frå eit breitt spekter av fagområde. Han har brei erfaring med oppdrag innan rettshøva kring fast eigedom, og bistår som rådgjevar både grunneigarar, eigedomsutviklarar og utbyggjarar med ei rekkje av dei problemstillingane som kan oppstå i kjeda frå grunnerverv og fram til ferdig bygg, her under også fastlegging av rettar i grunnen, og omstende knytt til det offentlege. Anders har også erfaring frå arbeid med problemstillingar kring sal og leige av eksisterande bygg.

Anders arbeider også med kontraktsbistand, tingsrett og formuerettslege tvistar. Dette er særleg relatert til pengekrav, kontraktsoppgjer og mishald, samt rettar i tilknyting til konkurs. Anders har særleg erfaring frå saker om inndriving av pengekrav gjennom namsmakta, og har representert både kreditor og debitor i den samanheng. I tillegg har han prosedert ei rekkje saker for tingretten og lagmannsretten, her under i rettsmøte for opning av konkurs.

Anders har også kompetanse innan selskapsrettsleg rådgjeving frå eit eigarperspektiv og på styrenivå, og har særleg bygd si erfaring opp rundt konflikter og tvistar mellom aksjonærgupper.